Skilnad mellom versjonar av «Abusdal»
Hopp til navigering
Hopp til søk
s (Lenke gard) |
s (Lagt til en kategori) |
||
Line 12: | Line 12: | ||
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Hornnes]] |
Versjonen frå 24. januar 2019 kl. 07:50
Abusdal er ein gard (gnr. 32) og ei lita grend sør-vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Saman med nabogarden Abusland utgjer Abusdal dei vestre heiegardane. Ein kjem til Abusdal ved å følge Abusdalsvegen ca 15 km vestover frå avkjøyrsla frå Riksveg 9 (Setesdalsvegen) ved Hannåsmoen ved Moisund. Abusdal ligg vest for vasskilet mellom Otra og Kosåna-vassdraget, og sokner såleis topografisk til Marnardalføret. Det er ikkje så mange fastbuande i grenda, men eindel fritidsbustader.
Namnet kjem av trenamnet apaldr. Den første oppsittaren i Abusdal som er nemd i lensrekneskapen er Odd Abusdal (1610).
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 634 flg.
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, s. 30