Nomeland (Valle gnr 64)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. september 2025 kl. 10:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av garden)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nomeland tidleg om morgonen 6. september 2025.

Nomeland er ein gard (gnr. 64) i Hylestad i Valle kommune. Han ligg nede på flatene på vestsida av Otra, rett nord for Rysstad. Grannegardar i vest og nord er Brokke, Berg, Haugeland og Uppstad. Grovt sett kan ein seie at garden ligg mellom Faråne i sør og Kåvåne i nord.

Brokke kraftverk ligg inne i fjellet på Nomeland. Otra Kraft sitt hovudkontor ligg like utanfor. På Nomeland ligg også Hylestad skule, som Setesdal folkehøgskole overtok hausten 2019, og Nomeland bedehus (som ligg på Haugeland (gnr 61 bnr 1)). Sylvartun ligg attmed Riksveg 9.

Historie

Garden kan ha vore busett frå før vikingtida. Han blei kløyvd i to bruk kring år 1600, eller noko før. I 1668 blei Haugeland skild frå Nomeland, og blei eigen gard. I 1839 skjedde ei ny deling, slik at det blei tre bruk. Alt to år seinare kom eit fjerde bruk, bnr. 3. Det skal ha vore 12 husmannsplassar i utkanten av garden.

Kjelder

Kart

Laster kart ...