Hylestad skule
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Hylestad skule vart bygd i 1958 og avløyste grendeskulane i Hylestad. I 2012 var skulen ein tredelt barneskule med om lag 45 elevar og 5,5 lærarårsverk fordelt på sju lærarar. Lærarane arbeidde i to team, eit team for småskulen og eitt team for mellomtrinnet. Undervisningsdelen av skulebygget vart nybygd og renovert i 1998 og personalavdelinga nyrenovert våren 2006 med trivelege lokale og gode arbeidsplassar for lærarane. Skulen hadde gymsal, ballbinge og eit flott uteområde. Opningstida i SFO var frå 7.00 – 16.00, minus skuletida.
1. klasse
Sjå også
Kjelde
- Knut Haatveit Hovet, Knut Helge Bratteland og Svein Håvard Helle: «Skulehistorikk i Hylestad». Artikkel i Setesdølen nr. 92, 2006 side 12