Faråne

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Faråne med Løefjødd i bakgrunnen onsdag 3. oktober 2012
Faråne med kvernhus onsdag 3. oktober 2012
Faråne vill og vakker onsdag 3. oktober 2012

Faråne er ei regulert elv i Valle kommune. Den kjem frå Myklevatnet på sørsida av Brokke-Suleskarvegen (Riksveg 45) og renn ut frå vest i Otra ved Faremo like nord for Rysstad. I samband med utbygginga av Otra vart det bygd ein liten dam på Furestøyl. Frå dammen går vatnet frå Faråne gjennom ein tunnel til Brokke kraftverk.

Det gamle elveløpet er for det meste tomt for vann, det renn bare en liten bekk i elveleiet, som består av glatt fjell med store jettegryter. Vatnet blir godt oppvarma på varme sommardagar, og Faråne har vore eit populært utfartsområde for folk i Hylestad. Men det er alltid fare for flaum i elva, og det har vore dødsulykke ved bading her.

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...