Kåvåne
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Torhill Bjørgum Åkre

Foto: Geir Daasvatn
Kåvåne renn ut i Otra i Kåvenes, nederst på Uppstad i Hylestad. Kåvåne er regulert på begge sine tilførselselver, Kallefossåne frå Uppstad Videlvatn, og Hylesdalsåni som kjem frå Hylesdalen. Desse to elvene møtest ikkje langt frå vegbommen til Støyledalsvegen og Dalstøylvegen.
Kvernhus

Foto: Geir Daasvatn
På nedsida av Riksveg 9, like før elva renn ut i Otra, står (2025) to gamle kvernhus att langs elveleiet.
Lyklebekk
Lyklebekk, som er omtalt i segn frå Svartedauden, ligg like sør for Kåvåne. Vatnet i denne bekken kjem frå området ved Den tykke nausen nord for der Otra Kraft sine bygningar står.
Fiskevegen
Fiskevegen startar like nord for der Kåvåne kryssar Riksveg 9 og går oppover mot Uppstad.