Kjetsåmonen (Evje og Hornnes gnr. 16 bnr. 5)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. januar 2019 kl. 08:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Kjetsåmonen Hornnes 280117 (2).jpg
Kjetsåmonen.

Kjetsåmonen (gnr. 16 bnr. 5) er ein ca 8 mål stor eigedom og eit tidlegare gardsbruk i NeregardenKjetså i Hornnes. Husa ligg tett attmed vegkrysset der Fylkesveg 42 svingar vestover mot Sveindal. Det bur ingen i husa i dag (2017). Heimelshavar er Jørn Salvesen, som bur på ein naboeigedom.

Historie

Kjetsåmonen var først husmannsplass under Nedre Kjetså. I 1863 blei eigedomen skild ut frå gnr. 16 bnr. 1 på Kjetså.

Åslaug Jortveit var syster til treskjeraren Salve Birkås. Åslaug blei gift med Mikal Salveson Jortveit, og budde saman med han på Kjetsåmonen. Her flytta også Salve inn kring 1919-1920, og hadde «atelier» i eit loftsrom. Men då Mikal døydde i 1934, klarte ikkje Åslaug å halde det heile saman lenger. Salve blei av forsorgsstyret setta bort på ein gard i Øvrebø.

Kjelder