Fjellmannsvegen
Fjellmannsvegen er den eldgamle ferdslevegen mellom Setesdal og kyststroka rundt Kristiansand. Han er også mykje blitt kalla «Dalemannsvegen». Ute ved kysten blei dei som kom frå dalen kalla fjellmenn eller dalemenn, og vegen fekk då naturleg namn etter dette.
Vegen var ein gang-, ride- og klauvveg, og var meir for ein sti å rekne. Han gjekk ikkje nede i dalen slik vegen gjer no, men følgde i staden stort sett heiedraga på vestsida av dalføret. Han var i bruk til den første ordentlege køyrevegen, «Postvegen», blei bygd oppover i Setesdal på 1840-talet. Langs vegen finnast ei lang rekke med kulturminne.
Turløype
Fjellmannsvegen har lenge vore kjent. Tidleg på 1990-talet starta Torfinn Normann Hageland eit pionerarbeid med å finne att og merke delar av trasèen. Midt-Agder Friluftsråd blei etter kvart kopla inn i arbeidet, og vidareførte arbeidet til Hageland saman med Vennesla kommune. I dag kan ein vandre i fotspora til dei gamle fjellmennene, i merka løype, heilt frå Slettefet sør i Hornnes til Kristiansand, ei strekning på rundt 53 kilometer.
Fjellmannsvegen i Hornnes
Setesdølar på bytur kom ned frå heia ved Senum, truleg ved Horgeknipen. Så fòr dei sørover Moseidmonane til Birkeland og Fennefoss. Dei kryssa Dåsåna ved Faret og kom til garden Hornnes. Herfrå gjekk vegen vidare til Kjetså. Anten forbi Hornåsen eller over Voilan når elva var så låg at ein kunne vasse over. Frå Kjetså gjekk ein veg vidare om Strauman og austsida av Gullringstjønn til Moi. Ein annan veg gjekk over Hannåsfeltet til Hannåsmoen og Moi. Frå Moi gjekk vegen vidare sørover om Hornøygard over heia til garden Lauvås i Hægeland.[1]
Fjellmannsvegen i Setesdal
Frå Hornnes fortset Fjellmannsvegen (Dalemannsvegen) nordover i Setesdal. Men her er dei gamle trasèane ikkje merka på same vis.
Kjelder
- Fjellmannsvegen - en 1000-årig ferdselsvei, turguide med kart utgjeve av Midt-Agder Friluftsråd og Vennesla kommune
Referansar
- ↑ Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 238