Hannås
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Hannås er ein gard (gnr. 22) nord for Moisund i Hornnes i Evje og Hornnes kommune.
Hannås kan vere ein gamal gard. Det samansette topografiske naturnamnet peiker i den retning. Men garden er truleg ikkje mellom dei aller eldste i Evje og Hornnes. Etter gardsgrensene kan det sjå ut til at han er gått ut frå garden Kjetså i nord. Men namnet Voremyr som ein finn på garden kan au tyde på ein samanhang med garden Moi i sør, der Vorehei ligg.
Den første oppsittaren ein kjenner namnet til i lensrekneskapane er Tomas (Thommis) Hannås. Han er nemd frå 1610 til 1623.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, s. 62-70
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes]], artikkel i Arnstein 2006, s. 31
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 487-503