Vestre Hodne

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. februar 2015 kl. 11:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Vestre Hodne)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vestre Hodne er ein gard i Evje og Hornnes kommune. Han ligg heilt sør i kommunen, langs vestbreidda av Otra sør for Moisund ned mot fylkesgrensa til Vest-Agder.

Namnet

Namnet blir i dag uttala «Honne» i Hornnes-dialekt. Men mest alle som har familienamn frå garden skriv Hodne. «Horne» er namnet også skrive og uttala. Opphavet til namnet er eit urnordisk ord som kan tyde både hjørne og horn. Her kan hjørne etter det kjennarane meiner passe svært godt. Den dyrka jorda ligg på hjørnet mellom Ærekilen og Honnekilen. Tvers over Otra ligg Austre Hodne (Austre Horne) i Iveland. Truleg har desse to gardane opprinneleg vore ein gard. Her er og dyrkajorda langstrakte hjørne.

Historie

Gardsgrensene for Hodne (Horne) i Iveland og Klepp i Evje går over i kvarandre. Det same er det for gardsgrensene mellom Vestre Hodne og Moi i Hornnes. Det skal ikkje vere funne gravhaugar på korkje Hodne-gardane eller Klepp. Men det er eit stort gravfelt på Moi. Oddmund Mogstad spørs seg difor om gravfeltet på Moi kan vere felles gravfelt for heile området?

Det er funnen ein runestein ved Fossvik langsmed Fennefossen i Evje, med innskrifta (tyda) «Ånund på Horne eig meg». Truleg har steinen vore eit ankerfeste til ein båt. Dei lærde meiner steinen kan vere frå 1200-1300-talet.

Kjelder