Austre Hodne

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Austre Hodne ein regntung augustdag i 2012. Vestre Hodne i Evje og Hornnes i framgrunnen.
Austre Hodne ein disig desemberdag i 2015.
Foto: Geir Daasvatn
Austre Hodne 2. november 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Austre Hodne er ein gard (gnr. 1) heilt nord-vest i Iveland kommune. Han ligg på austsida av Otra, nord for Fylkesveg 403 (Ivelandsvegen), og er nabogard til Vestre Hodne på andre sida av elva, i Evje og Hornnes kommune.

Historie

I den ålmenne kultursoga for Iveland skriv Aslak Fjermedal at Austre Hodne truleg er den eldste garden i Iveland, og at det ikkje er urimeleg at gardshistoria går tilbake til romertida (0-400 e.Kr.)[1] Men etter arkeologiske utgravingar på Moi i Bygland i 2007 er det dokumentert kontinuerleg busetjing i Setesdal heilt tilbake til yngre bronsealder (780-410 f.Kr.)[2]. Ut i frå denne nye kunnskapen om den forhistoriske busetjinga i Setesdal, er det nok ikkje usannsynleg at ein med tida vil kome fram til at den første faste busetnaden i Iveland også er eldre enn det ein tidlegare trudde.

Fjermedal kan ikke finne teikn til utskilling av sekundære gardar frå Austre Hodne. Men den lokale gardkjennaren Oddmund Mogstad meiner Austre Hodne truleg opprinneleg har høyrt saman med Vestre Hodne. Han peikar også på at gardsgrensene for Hodne i Iveland og Klepp i Evje går over i kvarandre. Det tyder på at Klepp truleg har gått ut frå Austre Hodne i si tid.[3] Det same samanfallet i gardsgrenser er det for gardane Vestre Hodne og Moi i Hornnes, på andre sida av Otra. Det skal ikkje vere funne gravhaugar, korkje på Austre Hodne, Vestre Hodne eller Klepp. Men på garden Moi sin grunn er det eit stort gravfelt. Mogstad stiller seg spørsmålet om det kan ha vore ein felles gravplass for heile dette området?[4]

Frå gamalt av har det vore to bruk på Austre Hodne; «Der ut» og «Der heim». Før det kom bru over Otra ved Kilefjorden måtte ein ferje over elva til Vestre Hodne, og det var ferjestad på garden.

Første halvdel av 1900-talet var det noko drift etter feltspat og kvarts i nokre mindre gruver på garden.

Kjelder

Eksterne lenker

Referansar

  1. Aslak Fjermedal, Iveland II - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1962, side 146
  2. Gaute Reitan, Moi i Bygland - Fra yngre bronsealder til høymiddelalder på sju uker, artikkel i Spor i Setesdalsjord, 2014, side 71 flg.
  3. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 33
  4. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, side 29-30