Handballgruppa Otra IL

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. januar 2015 kl. 13:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Historie: lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Handballgruppa i Otra IL er ein av dei største breiddehandballklubbane på Agder, med rundt 280 aktive spelarar (2014). Otra hevdar seg bra i ungdomsklassane, og rekrutterer spelarar til toppklubbane i regionen og til regionale og nasjonale talentsamlingar.

Handballgruppa har tilbod om aktivitetar for alle born frå 8 år og oppover til seniorlag for damer og herrer.

Handballaga til Otra IL spelar heimekampane sine i OtrahallenHornnes.

Historie

Jostein Berget organiserte den første handballgruppa i Otra IL. Han hadde prøvd å få i gong eit handballag på Evje alt før Otra IL vart stifta, og blei vald til den første formannen i handballgruppa då Otra kom til i 1960. Handballgruppa var såleis ei av dei fire opphavelege gruppene i idrettslaget. Med i det første styret var Anna Galteland og Hjørdis Kjebekk. Styret fann i første omgang at det var jentene dei måtte satse på å få med.

Det aller første handballaget blei danna hausten 1960. I 1961 deltok det første jentelaget i kretsserien i Vest-Agder. I 1963 var eit gutelag med for første gong. Dei første åra gjekk treningane mykje føre seg i gymsalen på Hornnes gymnas eller inne i Evjemoen militærleir. Utandørs trente handballspillerene på Evje kommunale idrettsplass.

Leiarar

Kjelder

Eksterne lenker

Handballsida på Otra IL si heimeside