Hopp til innhald

Senum

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. november 2014 kl. 10:27 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Tillegg om fornminner og Gullsmedmoen)
Senum-garden ligg vakkert til på vestsida av fjorden.

Senum er ein gard (gnr. 1) på vestsida av Byglandsfjorden, lengst nord-vest i Evje og Hornnes kommune. I nord grenser garden til Horverak i Bygland kommune, i sør til Holtet i Evje og Hornnes kommune. Bruka og husa i garden ligg vakkert til ved breidda av Byglandsfjorden, med bratte fjell og svære heievidder bak seg (mot vest). Oluf Rygh i Norske Gaardnavne meiner namnet kjem av gamalnorsk sina, visna gras, og at det er eit "heim"-namn. Ein reknar med at "heim"-gardane kan gå ned mot Kristi fødsel. Senum kan altså vere ein svært gamal gard. Andre forklaringar på namnet kan i følge Oddmund Mogstad kanskje vere at det er ei samandraging av *Senhom eller ein dativ fleirtal av "sen".

Mellom Senum og Horverak ligg fjelltoppen Horgeknipen. Her var det heilt tilbake i folkevandringstida ei bygdeborg. I 1919 og 1970 blei det gjort svært interessante vikingtidsfunn på Senum-garden. Funnet i 1919 var eit sverd av jern. 50 år seinare, i 1969, fann ein først ei øks, eit ljåbrot og fire pilespissar. Universitetets Oldsakssamling sette då (1970) i verk utgravingar på staden, og fann to gravminne frå vikingtida. Ein trur den eine grava er frå andre halvdel av 800-talet, og den andre frå 900-talet. I Kultursoga for Evje og Hornnes heiter det at det er all grunn til å tru at jorda på Senum enno gøymer mange fine og interessante kulturminne frå vikingtida.

Den første mannen ein finn namnet til i lensreknskapen på Senum (1610), er Svenke Senum. I Gards- og ættesoga for Hornnes heiter det at han utan samanlikning var den rikaste mannen i Hornnes på den tid.

På første halvdel av 1700-talet levde ein Anders Nilsson på ein husmannsplass på Senumsmoen. Truleg var han ein slags gullsmed, for seinare vart Senumsmoen heitande Gullsmedmoen.

Kjelder