Fylkesveg 403: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s Orto |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
== Historie == | == Historie == | ||
Ein gjennomgangsveg gjennom Iveland, | Ein gjennomgangsveg gjennom Iveland, Hodne–Grosås–Iveland–Skaiå–Mykland–fylkesgrensa mot [[:no:Vest-Agder|Vest-Agder]], var oppe til handsaming i formannskapet i Iveland alt hausten 1838. Med på denne tida var [[Postvegen|hovudvegen Kristiansand–Setesdal]] under bygging, og bygdevegen gjennom Iveland måtte vente.<ref>Aslak Fjernedal, ''[[Iveland III - Ålmenn kultursoge]]'', utgjeve av [[Iveland bygdesogenemnd]], 1969, side 301–302</ref> Men på seinhausten 1849 skal arbeidet endeleg ha kome i gong, og i løpet av 1850–1851 vart det aller meste av arbeidet utført. På Vennesla-sida gjekk det noko seinare. Men rundt 1860 var også vegstykket frå fylkesgrensa til Åmdal i Vennesla ferdig.<ref>''Iveland III'', side 306–307</ref> [[Vestbygda]] i Iveland hadde endeleg fått sin gjennomgangsveg. Saman med [[Varpevegen]] gjennom [[Austbygda]], som kom noko seinare, blei gjennomgangsvegen Hodne–Iveland–Åmdal «stamvegen» gjennom Iveland.<ref>''Iveland III'', side 310</ref> Dagens Fv-403 følger i store trekk den same veglina. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Reidar Tveito]], ''[[Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen]]'', utgjeve på eige forlag, 2014, | *[[Reidar Tveito]], ''[[Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen]]'', utgjeve på eige forlag, 2014, side 57 | ||
== Referansar == | == Referansar == | ||
Siste versjonen frå 9. april 2025 kl. 08:41


Fylkesveg 403 (Ivelandsvegen) går frå Rv-9 (Setesdalsvegen) ved Vestre Hodne og austover forbi Grosås til kommunesenteret Birketveit i Iveland kommune. Herfra går vegen vidare sørover til Åmdal i Vennesla. Ved Kilefjorden Camping på Hodne går vegen over Otra på Hornesund bru (Ivelandsbrua). Brua og vegen stod ferdig i 1969. Før dette måtte ein ferje over Hornesundet.
Historie
Ein gjennomgangsveg gjennom Iveland, Hodne–Grosås–Iveland–Skaiå–Mykland–fylkesgrensa mot Vest-Agder, var oppe til handsaming i formannskapet i Iveland alt hausten 1838. Med på denne tida var hovudvegen Kristiansand–Setesdal under bygging, og bygdevegen gjennom Iveland måtte vente.[1] Men på seinhausten 1849 skal arbeidet endeleg ha kome i gong, og i løpet av 1850–1851 vart det aller meste av arbeidet utført. På Vennesla-sida gjekk det noko seinare. Men rundt 1860 var også vegstykket frå fylkesgrensa til Åmdal i Vennesla ferdig.[2] Vestbygda i Iveland hadde endeleg fått sin gjennomgangsveg. Saman med Varpevegen gjennom Austbygda, som kom noko seinare, blei gjennomgangsvegen Hodne–Iveland–Åmdal «stamvegen» gjennom Iveland.[3] Dagens Fv-403 følger i store trekk den same veglina.
Kjelder
- Reidar Tveito, Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen, utgjeve på eige forlag, 2014, side 57
Referansar
- ↑ Aslak Fjernedal, Iveland III - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1969, side 301–302
- ↑ Iveland III, side 306–307
- ↑ Iveland III, side 310