Nomelandsfjorden
Hopp til navigering
Hopp til søk

Nomelandsfjorden sett nordover frå Nomelandsdammen.
Foto: Geir Daasvatn
Nomelandsfjorden er ein om lag 4 kilometer lang innsjø i Otra, mellom Kattefoss i Iveland og Nomeland i Vennesla. Fylkesgrensa mellom Aust-Agder og Vest-Agder, og kommunegrensa mellom Iveland og Vennesla, går midt i fjorden. Innsjøen oppstod då Nomelandsdammen vart bygd tvers over Otra i 1916-1920, og heva vannspegelen i elva på dette strekket med mange meter. Nomelandsfjorden er inntaksmagasin for Nomeland kraftverk.
Nasjonal Sykkelrute nr. 3 følger vestsida av Nomelandsfjorden frå Røyknes nordover til Iveland kraftverk ved Kattefoss.