Kilefjorden Camping

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kilefjorden Camping med Kilefjorden i bakgrunnen 24. november 2016.
Campingplassen ligg idyllisk plassert ved breidda av Otra/Kilefjorden.
Foto: Geir Daasvatn

Kilefjorden Camping er ein campingplass i idylliske omgjevnader på vestbreidda av Otra, rett sør for Fylkesveg 403 (Ivelandsvegen), heilt sør i Evje og Hornnes kommune. Det er både utleigehytter og oppstillingsplassar for campingvogner, bubilar og telt. Det er også kiosk og resepsjon, og andre servicebygg av ulike slag.

Herman Rubingh overtok campingplassen i 2016. Frå sommaren 2022 har Joyce von Delen og Nita Sinjorgo frå Nederland tatt over som eigarar og drivarar.

Det mykje kjende Evjetreffet for MC-folket har blitt arrangert på Kilefjorden Camping i april kvart år av motorsykkelklubben Road Runners.

Kjelder

Eksterne lenker