Iveland bygdesogenemnd
Iveland bygdesogenemnd blei oppretta ved kommunestyrevedtak i Iveland heradstyre 13. september 1924. Nemnda hadde då fem medlemer: Tomas Belland, Olav Birketveit, Aslak Fjermedal, Nora Thortveit og Knut Vatnestrøm jr. Olav Birketveit var den første formannen. I 1926 kom Olav Aarås inn i nemda, då Nora Thortveit flytta ut av bygda. Denne første nemnda stod til 1947.
14. mars 1947 valde heradstyret ny bygdesogenemnd: Gudmund Bakken, Andreas Fjermedal, Gunnar Mjåland, Nora Naadland og Olav Aarås. Olav Aaras var formann i denne nemnda.
I 1955 kom Iveland I - Gards- og ættesoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd. I 1962 kom Iveland II - Ålmenn kultursoge og i 1969 Iveland III - Ålmenn kultursoge, som var eit framhald frå bind II. Alle desse bøkene var skrive av Aslak Fjermedal.
Nye folk kom inn i bygdesogenemnda. Salve Øina vart leiar. Den nye nemnda gav ut Iveland IV - Okkupasjonen 1940-1945 i 2004 og Iveland V - Gruvedrift i 2007.
Kjelder
- Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, 1955, side 6
- Aslak Fjermedal, Iveland III - Ålmenn kultursoge, 1969, side 7
- Iveland V - Gruvedrift, 2007, side 9-10