Skaiå

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Skaiå er ei grend i Iveland kommune, og ein av dei tre tettstadane i kommunen. Grenda ligg nokre kilometer sør for kommunesenteret Birketveit, langs Fv-403 mot Vennesla. På Skaiå er det daglegvarebutikk. Til 2010 var det og barneskule, men han blei nedlagt og elevane flytta til den kombinerte barne- og ungdomsskulen på Birketveit. I dei tidlegare skulelokala ligg no Skaiå barnehage. Iveland kraftverk i Otra ligg rett vest for Skaiå.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...