Fylkesveg 403

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Hodne i vest startar vegen her ved Hornesund bru.
Fylkesveg 403 langs Nomelandsfjorden heilt sør på Skaiå i Iveland 15. oktober 2024.

Fylkesveg 403 (Ivelandsvegen) går frå Rv-9 (Setesdalsvegen) ved Vestre Hodne og austover forbi Grosås til kommunesenteret Birketveit i Iveland kommune. Herfra går vegen vidare sørover til Åmdal i Vennesla. Ved Kilefjorden Camping på Hodne går vegen over OtraHornesund bru (Ivelandsbrua). Brua og vegen stod ferdig i 1969. Før dette måtte ein ferje over Hornesundet.

Historie

Ein gjennomgangsveg gjennom Iveland, Hodne–Grosås–Iveland–Skaiå–Mykland–fylkesgrensa mot Vest-Agder, var oppe til handsaming i formannskapet i Iveland alt hausten 1838. Med på denne tida var hovudvegen Kristiansand–Setesdal under bygging, og bygdevegen gjennom Iveland måtte vente.[1] Men på seinhausten 1849 skal arbeidet endeleg ha kome i gong, og i løpet av 1850–1851 vart det aller meste av arbeidet utført. På Vennesla-sida gjekk det noko seinare. Men rundt 1860 var også vegstykket frå fylkesgrensa til Åmdal i Vennesla ferdig.[2] Vestbygda i Iveland hadde endeleg fått sin gjennomgangsveg. Saman med Varpevegen gjennom Austbygda, som kom noko seinare, blei gjennomgangsvegen Hodne–Iveland–Åmdal «stamvegen» gjennom Iveland.[3] Dagens Fv-403 følger i store trekk den same veglina.

Kjelder

Referansar

  1. Aslak Fjernedal, Iveland III - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1969, side 301–302
  2. Iveland III, side 306–307
  3. Iveland III, side 310

Kart

Laster kart ...