Varpevegen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Varpevegen var ein bygdeveg gjennom Austbygda i Iveland, mellom Varpe i Vegusdal og Åmdal i Vennesla. Det var den andre «store» køyrevegen (kjerreveg) som blei bygd i Iveland, etter gjennomgangsvegen Hodne-Iveland-Åmdal i Vennesla. Desse to vegane vart «stamvegane» gjennom Iveland.[1]

Dette vegstykket blei drøfta fleire gonger i kommunestyringa på andre halvdel av 1850-talet.[2] Sjølve arbeidet ute i terrenget tok truleg til i 1858, og då bare stykkevis. Så seint som i 1867 stod enno mykje arbeid att. Det siste stykket som kom i stand var gjennom Skjerkedalen i Vennesla i 1869.[3]

Alt i 1880-åra måtte Varpevegen utbetrast. Frå slutten av 1880-talet til 1904 skjedde det eit stort arbeid langs vegen, og han vart også fleire stader lagt langs nye liner. Dagens veg, Fylkesveg 405, følger med ein del avvik den gamle Varpevegen.[4]

Referansar[rediger]

<references>

  1. Aslak Fjermedal, Iveland III - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1969, side 310
  2. Iveland III, side 307-308
  3. Iveland III, side 309
  4. Iveland III, side 312-313