Hornesund bru

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hornesund bru sett mot aust

Hornesund bru er ei bru over Otra ved Moisund. Ho går også under namnet Ivelandsbrua.

Hornesund bru er godt synleg i landskapet.

Hornesund bru var ein del av kompensasjonsvegen etter Setesdalsbanen

Strekninga frå Kristiansandsområdet til Byglandsfjord vart kraftig ombygd i åra mellom 1960 og 1969. Vegen som skulle erstatta Setesdalsbanen var kalkulert til ein kostnad på 20,7 mill. 1959-kroner. I 1969 skreiv Agderposten at endelig kostnad vart rundt 30 millionar 1969-kroner. Som ein del av kompensasjonsvegen skulle også bilferjene Moi-Klepp og Byglandsfjord-Senum erstattast med 3 bruer. Hornesund bru er den sørlegaste av desse, og frå brua skulle det også byggjast ny veg mot Iveland, som ein del av kompensasjonen.

Ein uvanleg brukonstruksjon i Setesdal

Det var Statens vegvesen som hadde veg- og betongarbeidet, og stålkonstruksjonen vart sett bort til firmaet Høsveis & Bofa frå Hønefoss. Brua vart sett saman på land, og dregen over elva på pongtongar. Ein bruka mindre stål i ein slik konstruksjon ved at hovudberarane hallar inn mot kvarandre i toppen, og brua var visstnok einaste av sitt slag den gong. Planen var at bruarbeidet skulle vera ferdig hausten 1968, men ein langvarig ingeniørstreik gjorde til at brua fyrst vart ferdig i september 1969. Vekta av brua er oppgjeve til 215 tonn, lengde til 106,77 meter og kostnad 1,5 mill. 1969-kroner.

Kart

Laster kart...

Kjelder

  • Ny bru Hornesund-Hodne vil koste 1,5 mill. kr. Fædrelandsvennen, 25. mai 1968.
  • Ny brukonstruksjon Hornesund-Iveland Fædrelandsvennen, 21. mai 1969.
  • Kjell Høgenes: Setesdalsbanens endeligt har kostet Staten omkring 30 millioner kroner for 50 km. ny vei i Aust-Agder Agderposten 22. nov. 1969
  • Statens vegvesen.