Kyrkjebygda (Evje): Skilnad mellom versjonar
s Lagt til en kategori |
s Bilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Kyrkjebygda Evje 061216-3.jpg|miniatyr|høyre|Kyrkjebygda i Evje sett frå [[Fennefossfjellet]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Kyrkjebygda Evje 061216-3.jpg|miniatyr|høyre|Kyrkjebygda i Evje sett frå [[Fennefossfjellet]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Otra Kyrkjebygda Evje 090724.jpg|mini|høgre|Kveld over [[Otra]] forbi Kyrkjebygda [[9. juli 2024]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}} ]] | |||
'''Kyrkjebygda''' i [[Evje]] er området mellom [[Oddeskogen bustadfelt|Oddeskogen]] og [[Evjekilen]]. I vest avgrensar [[Otra]] området. | '''Kyrkjebygda''' i [[Evje]] er området mellom [[Oddeskogen bustadfelt|Oddeskogen]] og [[Evjekilen]]. I vest avgrensar [[Otra]] området. | ||
Siste versjonen frå 11. juli 2024 kl. 05:36


Kyrkjebygda i Evje er området mellom Oddeskogen og Evjekilen. I vest avgrensar Otra området.
Historie
Mykje av det som i dag reknast til Kyrkjebygda, var tidlegare hestehage for prestane i Evje. I 1913 kjøpte Evje kommune eit svært areal på 700 mål frå Evje prestegard av Staten, med tanke på å bygge kommunalt kraftverk i Birkelandsfossen og å få landbruksskulen for Setesdal til Evje. Korkje kraftverket eller landbruksskulen blei noko av. I staden blei ein del av det innkjøpte arealet utstykka til småbruk og hustomter til arbeidsfolk. Det skjedde rett før og under 1. verdskrigen. I praksis blei det gruve- og verksarbeidarar som slo seg ned her. I alt kom det 29 nye småbruk ut av handelen. I seinare år har det kome ekstra hus på ein del av desse småbruka.
Setesdalsbanen hadde Flatebygd stoppestad i Kyrkjebygda. Det var travelt her då Flåt nikkelgruve var i drift (til 1946).
Kjelder
- Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 43-44
- Kåre Hodne og Oddmund Mogstad, Kjøp av Prestegards-jord av Evje kommune, artikkel i Arnstein 2011, side 19-23
- Reidar Tveito, Setesdalsbanen, Byglandsfjord 2012, side 34