Oddeskogen bustadfelt
Oddeskogen bustadfelt er eit bustadfelt eit par kilometer nord for Evje sentrum, mellom Sindremoen i sør og Kyrkjebygda i nord. Mellom Oddeskogen og Kyrkjebygda renn Oddeåna. Oppføring av nye bustader i området tok til på byrjinga av 1980-talet (Oddeskogen I). Gjeldande reguleringsplan for området er dagsett 11. september 1980. Oddeskogen barnehage ligg rett ved bustadfeltet. Det er også kort veg til Evje barneskule og Evje ungdomsskule. I området er det mange turstiar og fleire opparbeidde turløyper.
Sommaren 2015 la Evje og Hornnes kommune ut for sal eit areal på vel 80 mål (Oddeskogen III) i lia aust for dei eksisterande bustadene. Arealet har 66 regulerte bustadtomter i varierande storleik, og var tenkt seld samla til ein utbyggar eller liknande for vidare utvikling av feltet. I september 2017 blei det kjent at det nystarta selskapet Oddeskogen Eiendomsutvikling hadde kjøpt arealet av kommunen for vel 4 millionar kroner. Kommunen heldt igjen 4 av tomtene til mogelege kommunale føremål. Første etappe i utbyggingsplanane inneheld 22 tomter i området nærast innkjøyrsla til barnehagen.