Evjekilen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Evjekilen med Prestegarden og Evje kyrkje i bakgrunnen.

Evjekilen er ei smal bukt eller vik på austsida av Otra, mellom Evje kyrkje og Evjetun. Riksveg 9 går forbi Evjekilen på ei fylling mellom Otra og kilen. Fram til 1966 gjekk Setesdalsvegen rundt kilen og over Evjeplass bru. På austsida av kilen ligg gardsbruket Monen. Setesdalsbanen gjekk forbi Evjekilen og vidare nordover mot Syrtveit og Byglandsfjord. Vegen inn til eigedomane ved Evjekilen følger denne traséen.

Bjørnefjellbekken renn ut i Evjekilen. Her lagar han ei evje. Denne evja har gitt namn til garden Evje, som seinare vart Prestegarden og har gitt namn til soknet og seinare tettstaden Evje.

Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelder[rediger]