Kyrkjebygda (Evje)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kyrkjebygda i Evje sett frå Fennefossfjellet.

Kyrkjebygda i Evje er området mellom Oddeskogen og Evjekilen. I vest avgrensar Otra området.

Historie[rediger]

Mykje av det som i dag reknast til Kyrkjebygda, var tidlegare hestehage for prestane i Evje. I 1913 kjøpte Evje kommune eit svært areal på 700 mål frå Evje prestegard av Staten, med tanke på å bygge kommunalt kraftverk i Birkelandsfossen og å få landbruksskulen for Setesdal til Evje. Korkje kraftverket eller landbruksskulen blei noko av. I staden blei ein del av det innkjøpte arealet utstykka til småbruk og hustomter til arbeidsfolk. Det skjedde rett før og under 1. verdskrigen. I praksis blei det gruve- og verksarbeidarar som slo seg ned her. I alt kom det 29 nye småbruk ut av handelen. I seinare år har det kome ekstra hus på ein del av desse småbruka.

Setesdalsbanen hadde Flatebygd stoppestad i Kyrkjebygda. Det var travelt her då Flåt nikkelgruve var i drift (til 1946).

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...