Slettefet: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
 
Line 14: Line 14:


[[Kategori:Stadnamn i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Stadnamn i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Moisund]]

Siste versjonen frå 4. mai 2022 kl. 17:54

Slettefet. På andre sida av Otra ligg Austre Hodne i Iveland.

Slettefet er ein stad under garden Moi, langsmed Riksveg 9 mellom Vestre Hodne og Moisund i Hornnes. Det ligg eit småbruk på kvar side av riksvegen, i tillegg til nokre mindre bustadeigedomar i området. Nasjonal Sykkelrute nr. 3 går forbi Slettefet. Her tek ruta av frå Rv-9 på veg sørover, og følger ein eldre parsell av Setesdalsvegen forbi Hodnekilen til Hodne sag og tilbake til riksvegen. Rett sør for Slettefet kan ein framleis sjå Tyskarminnevegen, eit vegprosjekt som okkupasjonsmakta sette i gong under 2. verdskrig men aldri fullførte.

Historie

Det var i 1850-åra og seinare at fleire bruk blei skilde frå Moi-garden her og fekk eigne bruksnummer.

Kjelder

Kart

Laster kart ...