Kjetsåna: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Formatering + orto |
s Presisert en kategori |
||
| Line 20: | Line 20: | ||
[[Kategori:Elver i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Elver i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Kjetså]] | ||
Versjonen frå 4. mai 2022 kl. 08:33
Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Kjetsåna kjem frå heiene nordanfor Tveit i Hornnes, og renn ut i Otra frå vest i Breiflå (Voilan) ved Kjetså. Oppover mot Tveit kallast ho Tveiteåna og endå lenger inne på heia Stebekken (Tveit). Mellom Kjetså og Tveit renn Våkåsbekken ut i Kjetsåna frå sør og Stebekken (Kjetså) på nordsida.
Namnet har truleg opphav i ketill, som tyder kjele. Oppover i Kjetsåna-vassdraget er det fleire "kjelar", runde hølar etter at isblokker har smelta i morenemassen.
Til mest kvar gard i tidlegare tider høyrde det ei kvern der dei mol korn. I Kjetsåna kunne det vere opp til seks kvernhus. Kjetsåna var lenge ei verdfull flotingselv, som bar tømmer fram til Otra. På Tveit i Hornnes var det fleire vassdrivne sagbruk langs elva.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein 2009, side 32
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 96, side 189 og side 194–195