Hopp til innhald

Arnstein: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenker til div. utgaver
Line 24: Line 24:
*[[Arnstein 2001]]
*[[Arnstein 2001]]
*[[Arnstein 2000]]
*[[Arnstein 2000]]
*[[Arnstein 1999]]
*[[Arnstein 1998]]
*[[Arnstein 1997]]
*[[Arnstein 1996]]
*[[Arnstein 1995]]
*[[Arnstein 1995]]
*[[Arnstein 1994]]
*[[Arnstein 1994]]

Versjonen frå 16. november 2017 kl. 21:38

Arnstein sin logo, teikna av Rita Flottorp.

Arnstein er eit årsskrift for Evje og Hornnes sogelag. Føremålet med skriftet er å halde farne tider i minne.

I skriftstyret sit (2016) Ragnhild Robstad, Erik Kjebekk, Ivar Haugen, Kåre Hodne og Eva Haugen Sørgaard.

Sogelaget tok til å gje ut Arnstein i 1994. Dette var i Oddmund Mogstad si tid som leiar. Han og Torgrim Dåsnes var dei som i første rekke drog bladet i gang. Mogstad hadde hovudansvaret for årsskriftet heile tida sidan, inntil han gjekk bort i 2014.

Årsskriftet er kalla opp etter Arnstein, som er den første mannen i bygda ein kjenner namnet til. Han reiste rundt år 1016 ein bauta på Listeinsmoen i Rosseland mark i Evje til minne om son sin, Bjor, som fall i Knut den Mektige sin hær i England då han la landet under seg. Delar av bautaen (Galtelandsteinen) er teken vare på og ligg i Universitetets Oldsaksamling i Oslo. Ein kopi av bautaen er i nyare tid sett opp i FossvikVerksmoen (Listeinsmoen) på Evje.

Utgjevingar

Kjelder