Kalland (Evje og Hornnes gnr. 30): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Fjernet en lenke til kart som ikke funket
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Fornminne: jernalderlandskap
Line 8: Line 8:


== Fornminne ==
== Fornminne ==
Under ein stein på garden fann ein i 1881 tre holegga økser av flint. Flintøksene høyrde til ein steinalderkultur som blei kalla stridsøkskulturen. Øksene som ble funne på Kalland, må vere om lag 4500 år gamle. Fagfolka tek funnet, saman med andre funn i [[Hornnes]], som eit klart teikn på at jordbrukskulturen hadde nådd bygda i yngre steinalder, i det tredje årtusen før vår tidsreikning.<ref>[[Olav O. Uleberg]] og [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, side 30-33</ref>
Under ein stein på garden fann ein i 1881 tre holegga økser av flint. Flintøksene høyrde til ein steinalderkultur som blei kalla stridsøkskulturen. Øksene som ble funne på Kalland, må vere om lag 4500 år gamle. Fagfolka tek funnet, saman med andre funn i [[Hornnes]], som eit klart teikn på at jordbrukskulturen hadde nådd bygda i yngre steinalder, i det tredje årtusen før vår tidsreikning.<ref>[[Olav O. Uleberg]] og [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, side 30-33</ref> I innmarka på Kalland er det også godt bevart kulturlandskap frå jernalderen.<ref>''Museumsplan for Evje og Hornnes kommune'', 1996, side 16</ref>


== Kjelder ==
== Kjelder ==

Versjonen frå 9. oktober 2015 kl. 09:52

Kalland (gnr. 30) er ein gard på heia mellom Moisund og Abusdal sør-vest i Evje og Hornnes kommune. I aust byter garden mot Espetveit, i vest mot Abusland. Gardsnamnet er typisk for folkevandringstida, rundt år 500 e.Kr.[1]

Gardsnamnet

Den lokale namnegranskaren Oddmund Mogstad har sin eigen teori om kva gardsnamnet tyder:

«---Gardsnamn med -land som sistelekk reknar ein med kjem frå rundt 500 e.Kr. Svært mange av desse namna har trenamn som førstelekk. Eg har tenkt meg at desse gardane har vore svedjeområde før dei fekk fast busetnad (skogen vart delvis hoggen om hausten, ein brente om våren, og sådde i det brente området), og at sveet fekk namn etter det treslaget som kom når skogen kom att etter nokre år.»[2]

Fornminne

Under ein stein på garden fann ein i 1881 tre holegga økser av flint. Flintøksene høyrde til ein steinalderkultur som blei kalla stridsøkskulturen. Øksene som ble funne på Kalland, må vere om lag 4500 år gamle. Fagfolka tek funnet, saman med andre funn i Hornnes, som eit klart teikn på at jordbrukskulturen hadde nådd bygda i yngre steinalder, i det tredje årtusen før vår tidsreikning.[3] I innmarka på Kalland er det også godt bevart kulturlandskap frå jernalderen.[4]

Kjelder

Referansar

<references>

  1. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, side 30
  2. Gardsnamn i Hornnes, side 30
  3. Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 30-33
  4. Museumsplan for Evje og Hornnes kommune, 1996, side 16