Kalland (Evje og Hornnes gnr. 30)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Kalland (gnr. 30) er ein gard på heia mellom Moisund og Abusdal sør-vest i Evje og Hornnes kommune. Han ligg på vasskilet mellom Otra og Mandalsvassdraget. I aust byter garden mot Espetveit, i vest mot Abusland. Gardsnamnet er typisk for folkevandringstida, rundt år 500 e.Kr.[1]

Gardsnamnet[rediger]

Den lokale namnegranskaren Oddmund Mogstad har sin eigen teori om kva gardsnamnet tyder:

«---Gardsnamn med -land som sistelekk reknar ein med kjem frå rundt 500 e.Kr. Svært mange av desse namna har trenamn som førstelekk. Eg har tenkt meg at desse gardane har vore svedjeområde før dei fekk fast busetnad (skogen vart delvis hoggen om hausten, ein brente om våren, og sådde i det brente området), og at sveet fekk namn etter det treslaget som kom når skogen kom att etter nokre år.»[2]

Fornminne[rediger]

Under ein stein på garden fann ein i 1881 tre holegga økser av flint. Flintøksene høyrde til ein steinalderkultur som blei kalla stridsøkskulturen. Øksene som ble funne på Kalland, må vere om lag 4500 år gamle. Fagfolka tek funnet, saman med andre funn i Hornnes, som eit klart teikn på at jordbrukskulturen hadde nådd bygda i yngre steinalder, i det tredje årtusen før vår tidsreikning.[3] I innmarka på Kalland er det også godt bevart kulturlandskap frå jernalderen.[4]

Gamle ferdslevegar[rediger]

I gamal tid gjekk det etter alt å døme ein rideveg over Kallandsheia til Roland i Bjelland, og derfrå vidare til Harkmark ved Mandal. Tradisjonen fortel at folk frå Råbyggelaget brukte denne vegen når dei skulle til Harkmark, der det var stor hamn før Kristiansand blei grunnlagt.[5]

Det blir også fortalt at det var skyss-skifte mellom honndølane og bjelldølane ved Bispestolane på heia mellom Espetveit og Kalland når dei skyssa biskopen i eldre tid. Dei som først kom fram, sette seg i steinstolane for å kvile til folka frå den andre sida kom. Tidleg på 1700-talet byrja ferdsla å ta andre og meir kjente vegar mellom desse to bygdene. Bispestolane må derfor etter alt å døme minst vere frå 1600-talet.[6]

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, side 30
  2. Gardsnamn i Hornnes, side 30
  3. Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 30-33
  4. Museumsplan for Evje og Hornnes kommune, 1996, side 16
  5. Magnus Breilid, Kultursoga for Bjelland og Grindheim, utgjeve av bygdesogenemndene i Bjelland og Grindheim, 1974, side 50
  6. Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, side 278