Espetveit (Evje og Hornnes gnr. 29)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Espetveit bnr. 1 og 2 6. juli 2017.
Bnr. 119 på Espetveit.
Foto: Geir Daasvatn

Espetveit (gnr. 29) er ein gard på heia mellom Moisund og Abusdal sør-vest i Evje og Hornnes kommune. I aust byter garden mot Haugland, i vest mot Kalland. Alderen på garden er uviss. Men den lokale namnegranskaren Oddmund Mogstad trur han kan vere frå før år 800 e.Kr.[1]

Frå 1825 har det vore to hovudbruk på garden. I dag (2017) er begge desse (bnr. 1 og bnr. 2) på same hand. Liv Espetveit Andersen (f. 1940) har heimelen til bnr. 1. Liv Espetveit og Pål Andersen har heimelen til bnr. 2 saman. Dei seinare åra har det blitt bygd to nye bustadhus i garden. Det er bnr. 119, eigd av Hans-J. Ralf Dittert (f. 1954) og Liane Dittert (f. 1956), og bnr. 13, eigd av Linda Vranum (f. 1975). I tillegg ligg det svært mange fritidsbustader på garden sin grunn.

Historie

Den første kjende oppsittaren på garden (til 1636) skal vere Anders Espetveit.

Kjelder

Referansar

  1. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, side 30

Kart