Hopp til innhald

Setesdalswiki:Såpekasse: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Det går unna
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Line 57: Line 57:
==Det går unna==
==Det går unna==
Det gjekk bare 17 dagar, så runda vi eit nytt hundretal. Det var artikkelen om [[Jarl Verhagen]] som vart artikkel nr. {{formatnum:84100}}, og no har Geir fått farten opp med å skrive datoartiklar, så vi er alt komne godt ut i neste hundretal. Vonleg kjem det noko frå meg og etter kvart, store deler av mai har eg hatt lite ork til å skrive. --[[Bruker:Harald Haugland|Harald Haugland]] ([[Brukerdiskusjon:Harald Haugland|diskusjon]]) 28. mai 2015 kl. 10:41 (CEST)
Det gjekk bare 17 dagar, så runda vi eit nytt hundretal. Det var artikkelen om [[Jarl Verhagen]] som vart artikkel nr. {{formatnum:84100}}, og no har Geir fått farten opp med å skrive datoartiklar, så vi er alt komne godt ut i neste hundretal. Vonleg kjem det noko frå meg og etter kvart, store deler av mai har eg hatt lite ork til å skrive. --[[Bruker:Harald Haugland|Harald Haugland]] ([[Brukerdiskusjon:Harald Haugland|diskusjon]]) 28. mai 2015 kl. 10:41 (CEST)
=={{formatnum:84200}}==
Artikkelen om [[Setesdølen nr. 42, 2015]], som kom ut [[12. mai 2015]], vart artikkel nr. {{formatnum:84100}}. I den tida eg har vore sjuk, har det blitt eit etterslep på innskrivinga av overskriftene i Setesdølen, men no kjem det seg, så etter kvart vil det bli nok bli komplett att. --[[Bruker:Harald Haugland|Harald Haugland]] ([[Brukerdiskusjon:Harald Haugland|diskusjon]]) 12. jun. 2015 kl. 11:03 (CEST)

Versjonen frå 12. juni 2015 kl. 11:03

Velkommen til Setesdalswiki. Har du noe du lurer på, eller noe du vil diskutere, kan du skrive her. —--Harald Haugland (diskusjon) 2. mai 2015 kl. 09:45 (CEST)

Såpekasse/Arkiv 2009  · Såpekasse/Arkiv 2010  · Såpekasse/Arkiv 2011  · Såpekasse/Arkiv 2012  · Såpekasse/Arkiv 2013  · Såpekasse/Arkiv 2014  · Såpekasse/Arkiv 2015  · Såpekasse/Arkiv 2016  · Såpekasse/Arkiv 2017


83369 artiklar ved årsskiftet 2014/15

Ved årsskiftet hadde Setesdalswiki 83 369 artiklar. 77 036 var botgenererte datoartiklar som vart lagde inn i haustferien. Dermed har vi no datoartiklar tilbake til år 1800, noko som er greitt å ha i høve fødselsdagar. På framsida av nettstaden finn du kven som har fødselsdag i dag. Om vi trekkjer frå dei botgenererte artiklane, er talet på manuelt laga artiklar 6333. Ved årsskiftet i fjor var talet på artiklar 4813. Det er blitt laga 1520 artiklar manuelt i 2014. Til samanlikning vart det laga 1253 nye artiklar i 2013.

I november 2014 vart Setesdalswiki flytta til ny server, difor er ikkje statistikken heilt nøyaktig. Men om vi reknar at november hadde like mange besøk som dei andre månadane, har vi hatt 55 000 unike gjester. Dei har sett på ein million sider på 100 000 besøk. I 2014 fekk vi facebookside. Eg hadde tenkt at vi skulle få 500 liker-klikk på den sida, men det enda opp på 487. Det kan nok skuldast at eg ikkje har vore så flink til å legge ut nye artiklar på sida som eg hadde tenkt.

Neste mål må vel vere å nå 2000 nye artiklar på eit år. Det skal vel nok til å nå 100K artiklar totalt, men om vi får fleire skribentar, kan det nok lukkast. Siste artikkel i 2014 vart artikkelen om Anders Anderssen. Godt nyttår til alle som les og skriv på Setesdalswiki. --Harald Haugland (diskusjon) 1. jan. 2015 kl. 00:53 (CET)

Festskriftartikkel

Artikkelen Setesdals ungdomsskule 1876-1926 vart artikkel nr. 83 400. Den vart skriven i formiddag, og dermed runda vi nytt hundretal 20 dagar etter forrige gong, som var 17. desember. Eg reknar med at det er mange festskrift rundt om frå ulike markeringar av runde tal i organisasjonar. Dei bør ikkje bli ståande i arkiv og bokhyller, men trekkjast fram i lyset. Dette festskriftet kom ut i 1926, så innhaldet er nok for det meste fritt og kan bli gjengitt på wikien også. Det er tale om 70 år etter forfattarens død, Gunnar Rysstad døydde i 1928, så hans materiale er fritt, det same er Torleiv Hannaas sitt, han døydde i 1929. Etter kvart kan vi kanskje få meir av dei lagt inn på Setesdalswiki. --Harald Haugland (diskusjon) 7. jan. 2015 kl. 17:01 (CET)

I eit jubileumsår

Setesdølen nr. 8, 2015

Det høvde godt at artikkel nr. 83 500 vart artikkelen om Setesdølen nr. 8, 2015. Avisa feirar 40-årsjubileum med utgjevingar kvar dag denne veka og har vore ein viktig grunn til at Setesdalswiki har kunna vekse og få meir og meir stoff etter ein forsiktig start i 2009. Denne gongen gjekk det bare 15 dagar frå førre milepel, så januar 2015 vart ein produktiv periode. --Harald Haugland (diskusjon) 22. jan. 2015 kl. 19:40 (CET)

Nytt hundretal

I går runda vi 83 600 med artikkelen om Knut Lund, som gjekk bort 7. februar 2015. Denne gongen brukte vi tre veker, forrige hundretal vart runda 22. januar 2015. Då eg hadde skrive inn artikkelen basert på dødsannonsen i Setesdølen nr. 15, 2015, kompletterte Geir med opplysningar frå tida då Knut Lund budde på Evje og var aktiv i Otra IL. Slik skal det vere når Setesdalswiki fungerer på beste måte. Vi er alt godt på veg mot nytt hundretal med fleire nye artiklar både i går og i dag. --Harald Haugland (diskusjon) 15. feb. 2015 kl. 14:17 (CET)

Dagens avis

Artikkelen Setesdølen nr. 22, 2015, som kom ut i dag, 6. mars 2015, vart artikkel nr. 83 700. Vi brukte 19 dagar på dei hundre artiklane, frå 15. februar til 6. mars. Då har vi 331 nye artiklar sidan nyttår. Kan hende klarar vi 500 nye artiklar frå nyttår til påske om inspirasjonen til å skrive held fram. --Harald Haugland (diskusjon) 6. mar. 2015 kl. 21:04 (CET)

I dag runda vi så artikkel nr. 500 etter nyttår. Det vart artikkelen om Setesdølen nr. 31, 2015. --Harald Haugland (diskusjon) 11. apr. 2015 kl. 09:55 (CEST)

Dagen i dag

Setesdalswiki har datoartiklar frå 1. januar 1800 til dags dato. Dei fleste artiklane av denne typen er oppretta automatisk, men artiklane frå vår tid, vert oppretta manuelt i samband med at eg skriv om kva som hender på den aktuelle datoen. Hendingane er stort sett annonserte i Setesdølen. I dag runda vi 83 800 artiklar med artikkelen om 30. mars 2015. Med det har vi 431 nye artiklar sidan nyttår og manglar 69 artiklar på å klare 500 artiklar frå nyttår til påske. Men det er enno ei veke til påske, så sjølv om vi brukte 24 dagar på desse hundre artiklane, kan ein innspurt i påska gje eit godt resultat. --Harald Haugland (diskusjon) 30. mar. 2015 kl. 10:15 (CEST)

Rekord

I mars hadde Setesdalswiki 7812 unike gjester, nesten 1000 fleire enn i februar, og det høgaste talet på ein månad til no. --Harald Haugland (diskusjon) 1. apr. 2015 kl. 10:14 (CEST)

Nede

Setesdalswiki var så langt eg kan skjøne nede ein periode frå sundag til i dag. Kva som var grunnen, veit eg ikkje, men ein reboot fekk systemet i gang att. --Harald Haugland (diskusjon) 6. apr. 2015 kl. 10:12 (CEST)

83900

Artikkelen om Ingebjørg T. Bjørnarå vart artikkel nr. 83 900. Vi brukte bare 14 dagar på eit nytt hundretal, så om vi held same tempoet, vil vi runde eit nytt tusental før mai. Det fell lett å skrive om eldre folk i Bykle, for då kan ein nytte Heimar og folk i Bykle som kjelde. Det gjorde eg i denne artikkelen, i tillegg var det minneord i Setesdølen som gav innspel til teksten vår. --Harald Haugland (diskusjon) 14. apr. 2015 kl. 13:27 (CEST)

April-konkurransen

I april 2015 hadde vi ein konkurranse på Facebooksida til Setesdalswiki. Eg la ut eit nytt spørsmål kvar dag, den første som svarte fekk eit lodd i konkurransen, og når månaden var slutt, trekte eg ut vinnaren, som vart Toril Dale. Ho fekk CD-plata Eg ser med Inger Lise Stulien, sponsa av Setesdal Regionråd. Gratulerer. --Harald Haugland (diskusjon) 2. mai 2015 kl. 10:07 (CEST)

Skrivekonkurranse

I mai 2015 startar vi ein skrivekonkurranse på Setesdalswiki. Den vil gå etter same modell som konkurransen i april, men i mai må du opprette ein artikkel for å bli med i konkurransen. Du kan sjølv velje målform. For å kunne skrive artiklar på Setesdalswiki, må du registrere deg.

Artiklar som skal telje med i konkurransen, må ta utgangspunkt i ei rød lenke og ha minst 250 bytes. Kvar ny artikkel gjev eit lodd i konkurransen. Premien er eit 37 delers pipenøkkelsett sponsa av Byggi Valle. Trekning skjer 1. juni 2015. --Harald Haugland (diskusjon) 2. mai 2015 kl. 10:20 (CEST)

84 000

I dag står det 84 000 artiklar på framsida. Det var artikkelen om Ragnhild Bjelland som førte oss opp på eit nytt tusental, kona til presten Jens Bjelland døydde 7. mai 2015. Dødsannonsen i Vårt Landa opp og gav grunnlag for ein artikkel. Denne gongen gjekk det mest ein månad på eit hundretal med nye artiklar. --Harald Haugland (diskusjon) 10. mai 2015 kl. 11:36 (CEST)

Det går unna

Det gjekk bare 17 dagar, så runda vi eit nytt hundretal. Det var artikkelen om Jarl Verhagen som vart artikkel nr. 84 100, og no har Geir fått farten opp med å skrive datoartiklar, så vi er alt komne godt ut i neste hundretal. Vonleg kjem det noko frå meg og etter kvart, store deler av mai har eg hatt lite ork til å skrive. --Harald Haugland (diskusjon) 28. mai 2015 kl. 10:41 (CEST)

84 200

Artikkelen om Setesdølen nr. 42, 2015, som kom ut 12. mai 2015, vart artikkel nr. 84 100. I den tida eg har vore sjuk, har det blitt eit etterslep på innskrivinga av overskriftene i Setesdølen, men no kjem det seg, så etter kvart vil det bli nok bli komplett att. --Harald Haugland (diskusjon) 12. jun. 2015 kl. 11:03 (CEST)