Uleberg kraftverk: Skilnad mellom versjonar
kabel |
mal |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
*[http://www.tu.no/nyheter/energi/article51231.ece Knut Strøm: ''Klart for 38 GWh''. Artikkel i Teknisk Ukeblad 2. mai 2006] | *[http://www.tu.no/nyheter/energi/article51231.ece Knut Strøm: ''Klart for 38 GWh''. Artikkel i Teknisk Ukeblad 2. mai 2006] | ||
{{Kraftverk i Otra}} | |||
[[Kategori:Kraftverk]] | [[Kategori:Kraftverk]] | ||
[[Kategori:Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 22. juli 2011 kl. 12:13
Uleberg kraftverk er eit elvekraftverk i elva Skjerka på Uleberg i Evje og Hornnes kommune om lag åtte kilometer frå Dåsnes langs vegen til Åseral. Agder Energi eig kraftverket, som var ferdig i februar 2006 og som vert styrt via satelitt frå Brokke driftssentral i Valle kommune. Kraftverket produserer 38 GWh i året og samla effekt er 9,4 MW. Med like store to francisturbinar, kvar på 4,7 MW sluker det 3,1 kubikkmeter vatn i sekundet
Fallhøgda er på 180 meter og den tilsådde røyrgata frå den fire meter høge og 200 meter lange inntaksdammen er på 1500 meter. I den ligg det eit glassfiberarmert røyr med diameter på halvannan meter. Minstevassføringa i elva på strekningen er 0,3 kubikkmeter i sekundet. I inntaksdammen kan vatnet regulerast med om lag ein meter. Når dammen er full, er det ca. 15 000 m³ vatn i dammen.
Kraftstasjonsbygningen ligg på vestsida av elva. Den har ei grunnflate på om lag 300 m² og er bygd i betong og tre. Straumen vert ført inn på nettet via jordkabel frå Uleberg til Evje. Utløpet frå kraftstasjonen tilbake til vassdraget er ein open kanal. Kostnadene med å bygge kraftstasjonen var på om lag 70 millionar kroner.
Eksterne lenker
| Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Fennefoss kraftverk · Iveland · Nomeland · Steinsfoss · Hunsfoss · Vigelandsfoss |