Bøgruva: Skilnad mellom versjonar
s Orto |
Ekstern lenke |
||
| Line 16: | Line 16: | ||
*Alfred Ryningen: ''Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle'' side 107 | *Alfred Ryningen: ''Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle'' side 107 | ||
*[[Sigmund Monen]], ''[[Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje]]'', utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 57–62 | *[[Sigmund Monen]], ''[[Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje]]'', utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 57–62 | ||
== Eksterne lenker == | |||
*[https://setesdalssida.no/kulturminne-setesdal/bogruva-valle/ Artikkel om Bø-gruva på Setesdalssida.no] | |||
==Kart== | ==Kart== | ||
Versjonen frå 20. januar 2023 kl. 12:13

Bøgruva er ei gamal gruve der ein vann ut kopar. Gruva ligg vel ein halv kilometer (luftlinje) nordvest frå Bøgardane i Valle kommune. I 1984 vart det bygd ein skogsbilveg frå Åmli, det er langs denne ein går når ein går til Bøgruva i Postkassetrimmen i Valle.
Historie
På Bergverksmuseet på Kongsberg er det malm frå Bøgruva som er oppgitt å vere frå 1826. Gruvedrifta kom i gang i 1844 i regi av Det Sæthersdalske Kobberværk. Konsul G. F. Reinhardt i Kristiansand fekk mutingsbrev i 1844 og rett til all bergverksdrift på garden for seg og arvingane. Han fekk og rett til å overdrage rettane til andre. For dette skulle han betale 12 spesiedalar årleg. Denne summen skulle fordelast på grunneigarane etter skyld.
Ved folketeljinga i 1845 var det 34 mann i arbeid i gruva. Smeltehytta var i Åraksbø, så det var lang transport. Den skjedde om vinteren, men drifta av Bøgruva vart avslutta.
I 1863 vart drifta teken opp att. 10. november 1870 fekk konsul Seippel mutingsbrev på gruva. To år seinare overlet grunneigarane på Bø sine rettar i Bøgruva til kaptein Henriksen, same mannen som starta opp drifta i Flåt nikkelgruve på Evje. Gamle papir syner at i alle fall i 1875 var det folk som arbeidde i gruva. 1872–1909 låg gruva under Evje Nikkelverk IS. Frå 1920 låg ho under Evje Nikkelverk AS. Siste perioden gruva var i drift, var under 1. verdskrigen. I dei tre siste åra fram til drifta vart nedlagt 1. august 1918, arbeidde 12–13 mann i gruva.
Sjå også
Kjelder
- Leonhard B. Jansen og Alfred Ryningen: Valle kommune VII, Kultursoge 1 side 272
- Alfred Ryningen: Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle side 107
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 57–62