Gaukhei turisthytte: Skilnad mellom versjonar
s Reidar T flyttet siden Gaukhei til Gaukhei turisthytte: Presisering |
s korrigering navn |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
Vanleg reiserute var frå [[Granheim hotel]] sør for [[Langeid]]. Turen opp kleiva var slitsam, og ein bruka 10 timar inn til Gaukhei. Tidleg fekk ein til overnatting undervegs på [[Hægstøyl]], seinare bytt ut med [[Tjønndalen]] i 1929, og [[Stakkedalshytta]] frå 1949. I frå 2007 vart det igjen Tjønndalen som vart til overnattingsstad. | Vanleg reiserute var frå [[Granheim hotel]] sør for [[Langeid]]. Turen opp kleiva var slitsam, og ein bruka 10 timar inn til Gaukhei. Tidleg fekk ein til overnatting undervegs på [[Hægstøyl]], seinare bytt ut med [[Tjønndalen]] i 1929, og [[Stakkedalshytta]] frå 1949. I frå 2007 vart det igjen Tjønndalen som vart til overnattingsstad. | ||
Gaukhei er sentral i denne urørde villmarka vest i Bygland kommune, og nå kan ein koma hit frå Ljosland i sør, i vest frå [[Kvinen]] og [[Josephsbu]], i nord frå [[Øyuvsbu]] og [[ | Gaukhei er sentral i denne urørde villmarka vest i Bygland kommune, og nå kan ein koma hit frå Ljosland i sør, i vest frå [[Kvinen]] og [[Josephsbu]], i nord frå [[Øyuvsbu]] og [[Håhellerhytta]] ikkje så langt frå [[Suleskarvegen]], og i aust frå Langeid via Tjønndalen. | ||
Gaukhei turisthytte har vertskap om sommaren, og då får ein ferdiglaga mat morgon og kveld, endåtil med vin til maten. Fersk fisk står også på menyen, fiska i Gaukheivatnet. I tida når ikkje Gaukhei har vertskap, vert den gamle hovudhytta avlåst og ein nyttar sjølvbetening i Normannsbu like ved. Her er det 16 sengeplassar, mot 41 senger når alt er i bruk om sommaren, og i påska. | Gaukhei turisthytte har vertskap om sommaren, og då får ein ferdiglaga mat morgon og kveld, endåtil med vin til maten. Fersk fisk står også på menyen, fiska i Gaukheivatnet. I tida når ikkje Gaukhei har vertskap, vert den gamle hovudhytta avlåst og ein nyttar sjølvbetening i Normannsbu like ved. Her er det 16 sengeplassar, mot 41 senger når alt er i bruk om sommaren, og i påska. | ||
Versjonen frå 7. august 2012 kl. 21:29


Gaukhei turisthytte vart sett opp i 1898, og har sidan fått ymse tilbygg, og ei større sikringshytte like ved, Normannsbu. Hytta ligg midt i Bygland kommune sin del av Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Det var så få som fann vegen hit dei fyrste åra, at ein såg på satsinga som eit feilgrep. Val av stad for hytte må sjåast i samband med den tids planar om veg mellom Sirdal og Setesdal. Denne vegen kom som kjent lengre nord mange år seinare. Men då Ljoslandshytta kom i bruk etter 1937, auka trafikken med turfolk monaleg.
Vanleg reiserute var frå Granheim hotel sør for Langeid. Turen opp kleiva var slitsam, og ein bruka 10 timar inn til Gaukhei. Tidleg fekk ein til overnatting undervegs på Hægstøyl, seinare bytt ut med Tjønndalen i 1929, og Stakkedalshytta frå 1949. I frå 2007 vart det igjen Tjønndalen som vart til overnattingsstad.
Gaukhei er sentral i denne urørde villmarka vest i Bygland kommune, og nå kan ein koma hit frå Ljosland i sør, i vest frå Kvinen og Josephsbu, i nord frå Øyuvsbu og Håhellerhytta ikkje så langt frå Suleskarvegen, og i aust frå Langeid via Tjønndalen.
Gaukhei turisthytte har vertskap om sommaren, og då får ein ferdiglaga mat morgon og kveld, endåtil med vin til maten. Fersk fisk står også på menyen, fiska i Gaukheivatnet. I tida når ikkje Gaukhei har vertskap, vert den gamle hovudhytta avlåst og ein nyttar sjølvbetening i Normannsbu like ved. Her er det 16 sengeplassar, mot 41 senger når alt er i bruk om sommaren, og i påska.
Kjelde
- Harald Flå: Vandringer i Setesdal Vesthei 2008, ISBN 978-82-91-49544-6, side 26.
Fleire bilete frå Gaukheiområdet
-
Frå turvegen mellom Tjønndalen og GaukheiFoto: Reidar Tveito
-
Langvasskilen, Gaukheidalen mot høgreFoto: Reidar Tveito
-
Gaukheidalen med Gaukheivatnet til venstre og hytta i det fjerneFoto: Reidar Tveito
-
Mange stier fører til og fråFoto: Reidar Tveito
-
Maten gjerast klarFoto: Reidar Tveito