Stakkedalshytta

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Stakkedalen
Foto: Reidar Tveito

Stakkedalshytta var ei turisthytte i Stakkedalen i Bygland kommune. Ho låg inne på heia vest for Langeid. KOT, som bytta namn til DNT Sør i 2011, leigde hytta av grunneigarane frå 1949 til 2006.

Hytta vart sett opp av Turistforeninga i 1949, og det vart nytta materialar frå brakker som sto att i Jokleilega etter krigen. Ho vart fyrst ombygd i 1955, seinare i 1992, og fekk då 10 sengeplassar. Hytta var mykje brukt av folk på tur mellom Langeid og Gaukhei.

I 2006 ville grunneigaren setje opp ny privat hytte på 30 kvm nede i sjølve Stakkedalen. Kommunen sa ja, men direktoratet sa nei, då hytta ville kome i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Grunneigaren fekk då kjøpe Turistforeningas hytte til eige bruk i staden. Stoda løyste seg slik at Turistforeninga fekk ein leigeavtale med eigaren av hytta i Tjønndalen, berre 20 minutts gangtid unna.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...