Øyuvsbu

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Øyuvsbu

Øyuvsbu er ei turisthytte med sjølvstell i Nomeland driftehei som er open heile året. Hytta ligg bare 750 meter sør for Brokke-Suleskarvegen. Hytta har 40 senger og ligg 933 meter over havet på ein odde som stikk ut i Øyuvsvatnet. Ho er mykje brukt av skuleklassar på ekskursjonar, både fordi det er kort veg å gå og fordi det er mange sengeplassar på hytta. Noverande hytte vart bygd i 1971 av materialar frå ei kraftverksbrakke. Ho vart opprusta i 1995 og 2012. Men alt i 1948 vart det bygd ei turisthytte her av materialar frå ei tyskarbrakke.

Ved sida av hovudhytta står ei avlastningshytte som vert brukt under Sesilåmi og som kan brukast om det skulle bli brann i hovudhytta. For å kome til Øyvusbu kan ein parkere på ein parkeringsplass med plass til 20 bilar ved Brokke-Suleskarvegen i bakken vest for Ivlungevatn. Ein kan også ta Suleskarekspressen. Turistforeninga har fiskerett i Øyvusvatnet og Ivlungevotni. Medlemmer fiskar gratis i desse vatna, og andre kan kjøpe fiskekort på Brokkestøylen.

I bakken litt ovanfor Øyuvsbu ligg ei privat hytte. På denne tufta var det ei bu for driftelege der gjetarar låg med krøtter opp til ei veke om sommaren før dei flytta til ei anna driftelege. Framleis ser ein at grasveksten er rik etter gjødslinga frå dyra.

Kjelde[rediger]

Bilete frå området kring Øyuvsbu[rediger]

Eksterne lenker[rediger]