Dåsnes: Skilnad mellom versjonar
s Endret navn på gymnaset/lenkefiks |
Litt om veiene gjennom Dåsnes |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Dåsnes''' er ein tettstad og eit knutepunkt for biltrafikk i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Staden ligg ytterst på neset mellom [[Otra]] og [[Dåsåna]]. | '''Dåsnes''' er ein tettstad og eit knutepunkt for biltrafikk i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Staden ligg ytterst på neset mellom [[Otra]] og [[Dåsåna]].[[Riksvei 9]] går forbi Dåsnes. Fv311 går gjennom Dåsnes til Fennefoss bru. Fv302 går nordover frå Dåsnes gjennom [[Dåsvannsdalen]] til fylkesgrensa mot [[Vest-Agder]] på [[Staven]] øverst i [[Linndalen]]. | ||
I Dåsnes er det daglegvarebutikk, [[Joker Dåsnes]], bensinstasjon, bilverkstad og [[Hornnes bedehus]]. I nyare tid er den svære verksemda [[Dekkomsetning]] kome til. Det nedlagde [[Hornnes hjelpefengsel]] ligg i Dåsnes. I dag er det gamle fengselet eit kulturminne. Det er også eindel bustadhus i tettstaden. Rett nord for Dåsnes ligg [[Dåsnesmoen bustadfelt]] og Jortveitmoen med [[Hornnes landsgymnas]]. | |||
==Historie== | ==Historie== | ||
Versjonen frå 16. desember 2014 kl. 08:30
Dåsnes er ein tettstad og eit knutepunkt for biltrafikk i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Staden ligg ytterst på neset mellom Otra og Dåsåna.Riksvei 9 går forbi Dåsnes. Fv311 går gjennom Dåsnes til Fennefoss bru. Fv302 går nordover frå Dåsnes gjennom Dåsvannsdalen til fylkesgrensa mot Vest-Agder på Staven øverst i Linndalen.
I Dåsnes er det daglegvarebutikk, Joker Dåsnes, bensinstasjon, bilverkstad og Hornnes bedehus. I nyare tid er den svære verksemda Dekkomsetning kome til. Det nedlagde Hornnes hjelpefengsel ligg i Dåsnes. I dag er det gamle fengselet eit kulturminne. Det er også eindel bustadhus i tettstaden. Rett nord for Dåsnes ligg Dåsnesmoen bustadfelt og Jortveitmoen med Hornnes landsgymnas.
Historie
Dåsnes låg opphaveleg på grunn som høyrde Jortveit-garden til. Dåsnes og den nærliggande garden Faret, på andre sida av Dåsåna, var frå gamalt av eit knutepunkt for trafikken opp og ned Setesdal. Faret var ferjestad for overfart over Otra til Evje-sida. Her måtte ein òg ferje over Dåsåna for å kome seg vidare nordover eller sørover på Hornnes-sida, fram til den første brua kom rundt 1840.
Den første bygningen i Dåsnes kom truleg opp i 1849. Han var sett opp av Ola Olson Steinsland. Steinsland hadde løyve til å selje øl i Dåsnes. Han kjøpte også etter kvart meir jord i Dåsnes. Noko vart delt frå hans eigedom til kai for dampskipa som gjekk på Kilefjorden på den tida.
Gunnar O. Abusdal kjøpte fleire eigedomar i Dåsnes i 1884 og byrja med landhandel der. Eigedomen med dei opprinnelege husa han hadde blei teken att på odel. Han bygde då nye store hus på austsida av hovudvegen, som i den tida gjekk midt gjennom Dåsnes, og heldt fram med handelen. I desse svære husa er det framleis forretning, no daglegvarebutikken Joker Dåsnes.
Det nemde hjelpefengselet vart bygd på byrjinga av 1860-talet. Hornnes landsgymnas vart etablert i 1918, og det nye gymnasbygget på Jortveitmoen kom i 1925. Det gjorde at det blei bygd mykje nytt i Dåsnes. Dåsnes blei etter kvart det største senteret i Hornnes-bygda.
Sommaren 2013 blei det bygd ei ny, stor rundkjøring på Riksvei 9 forbi Dåsnes, og trafikken på tilstøytande vegar vart også lagt noko om. Det nye anlegget består av rundkøringa, 400 m med gang- og sykkelveg, busstopp for pendlarbussen og 29 parkeringplassar.
Sjå også
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 187-203
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 233 flg.