Rundkjøringa i Dåsnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Rundkøyringa i Dåsnes. Bak til venstre er Esso-stasjonen, i midten ligg Joker Dåsnes og til høgre lengst bak ligg Dekkomsetning

Rundkjøringa i Dåsnes er ei rundkøyring på riksveg 9. Ho vart bygd våren og sommaren 2013. Uppstad Transport & Anlegg stod for bygginga og Otera utførte elektrooppdraget.

Anlegget består av ei rundkøyring, 400 meter med gang og sykkelveg, busstopp for pendlarbussen og 29 parkeringplassar. Det er lagt ned 1281 meter med kantstein, og ved opninga var det planta 1458 staudar. Prosjektleiar hos UTA var Terje Lystad, ansvarleg hos Statens Vegvesen var Sigurd Wiberg.

Ordførar Bjørn A. Ropstad klypte snora ved opninga. Deretter var det is og pølser til frammøtte brukarar av anlegget.

Kjelde[rediger]