Dåsnesmoen bustadfelt

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Dåsnesmoen med Otra i bakgrunnen.

Dåsnesmoen bustadfelt er eit bustadfelt i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Grunnen høyrde til Jortveit-garden før han vart byggegrunn. Heilt nord i Dåsnesmoen, langs Dåsnesvegen, ligg Hornnesheimen. Nord-vest for Dåsnesmoen ligg det populære turmålet Masi, ein liten fjelltopp med vidt utsyn over Dåsnesmoen og Hornnes. Rett vest for Dåsnesmoen ligg Hornnes barnehage og Hornnes barneskule. Sør for bustadfeltet ligg Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes, Hornnes stadion og Otrahallen.

Bustadfeltet er bygd ut frå siste halvdel av 1960-talet og framover. I 1971 var det reist 23 hus, og seinare har det kome eindel fleire. Ei sigøynerkone skal ha spådd by på Dåsnesmoen, og i dag kan ein seie at ho mest fekk rett.

Kjelder[rediger]