Kjetil Rike

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kjetil Rike
Født: 23. januar 1930
Død: 17. juni 2020 (90 år)

Kjetil Rike (født 23. januar 1930, død 17. juni 2020) var bonde, landpostbud, kyrkjetenar og musikar i Valle. Han var ikkje minst kjent som spelemann med trekkspel på møter i mange ulike samanhengar, ikkje minst i 17.-maitoget frå Valle kyrkje til Valle Bygdeheim.

Verv[rediger]

Kjetil var engasjert i lag og foreningar. Som pensjonist var han medlem av Valle eldreråd som representant for Kristelig folkeparti. Han var også medlem av styret i Valle Indremisjon. Han var i mange år aktiv i Valle pensjonistforening, og han var styremedlem i Stavdalsvegen.

Musikkliv[rediger]

Kjetil fekk sitt første trekkspel fem år gammel. Da bytta han munnspelet med ein torader, og da han var tretten, fekk han eit pianotrekkspel. Sidan vart det fleire trekkspel opp gjennom åra. Han har sunge mykjee, både som solist og sammen med søskena Rike. I mange år var han også med i gruppa Fjoruven. Saman med systera Birgit Rike Lund fekk han Valle kommune sin kulturpris i 2015.

CD-plate[rediger]

Til sin 80-årdag gav han ut CD-plata Der roser aldri dør med 23 sangar, tre av sangane var tatt opp i Valle kyrkje med organist Tonhild Kråkenes ved orgelet. Plata var tatt opp i studio hos Kjetil Carolis Jore. Sønnen Rolf Rike og barnebarnet Kjetil Lund medverka også på plata.

Familie[rediger]

Kjetil var gift med Åse Rike. Lørdag 17. juni 2017 kunne dei feire gullbryllaupsdagen sin. Han døydde 17. juni 2020 og etterlet seg barna Gunn Rike, Karen Marie Rike Lund, Olav Einar Rike, Tora Rike og Rolf Rike, svigerbarn, barnebarn, systera Birgit Rike Lund og øvrig familie. Gravferda var frå Valle kyrkje fredag 26. juni 2020 klokka 12.

Kjelder[rediger]