Harald Lund

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Harald Lund
Født: 27. november 1908
Død: 8. desember 1993 (85 år)
Festskrift til Harald Lund

Harald Lund (fødd 27. november 1908 i Valle, død 1993 i Valle) var kunstmålar. Frå 1977 fekk han «Statens stipend for eldre fortjente kunstnere». I 1987 fekk han Valle kommune sin kulturpris, som den fyrste mottakar av denne prisen.

Som tiande barnet til lensmann Juel Lund og kona Jorånd Lund vaks han opp i ein stor søskenflokk. I 1929 kom Harald Lund inn på Statens Håndtverks- og Kunstindustriskole i Oslo. Han gjekk både dag- og kveldskurs og tok i tillegg timar på Statens Kunstakademi. i 1931 kom han heim att til Valle, og frå 1935 hadde han fast måleriutstilling i Haugebirke. «Måleri frå Valle» stod på husveggen hans i alle år. I 1938-39 var han atter i Oslo, då tok han vidare utdanning på Doro von Hannos malerskole.

Utstillingar[rediger]

Harald Lund deltok på fleire kollektivutstillingar i Oslo, i Kunstnernes Hus og i Oslo Kunstforening i 1930-åra. I 1941 hadde han separatutstilling i Klubben i Kristiansand og i 1951 hadde han ei mindre utstilling i Stavanger. Elles stilte han bare ut heime i Valle og Bykle. Men i 1970 vart to bilete antekne på Sørlandsutstillinga. Sidan hadde han bilete på denne utstillinga 1971-1975 og 1978-1980. Han er kjøpt inn av Christianssands Billedgalleri og Norsk Kulturråd. Valle Sparebank og Valle kommune har og fleire av bileta hans. Mange av bileta hans er stilte ut i kommunestyresalen i Valle. På utstillinga Setesdal sett med kunstnaraugeSetesdalsmuseet er det eitt bilete av Harald Lund. Det er «Tre kvinner rundt ei vogge» frå 1933.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]