Tveitetunet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tveitetunet.
Hovudbygningen i Tveitetunet 16. juli 2018. Bare den vestre delen står att. Den austre delen er plukka ned for restaurering.
Foto: Geir Daasvatn

Tveitetunet er eit friluftsmuseum under Setesdalsmuseet på garden Tveiti i Valle. Museet var bustaden til bonde og lensmann Olav Knutsson Tveiten (1758-1837). Han møtte på riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 som utsending frå øvre Setesdal.

Setesdalsmuseet kjøpte tunet i 1969, og eit stort restaureringsarbeid vart sett i gang. Ei løebygning blei sett opp, og museet fekk også hand om den gamle arrestbygningen på Tveiten.

Tveitetunet har dei siste tiåra fungert som utstillingsplass for brukskunstnarar på Valleutstillinga om sommaren, og vore arena for den årlege kulturstemna i Valle; Tveitetunstemna.

I 2017 blei tømmerkassa på hovudbygget i tunet plukka ned og frakta til laftehallen til Setesdalsmuséet på Rysstad for restaurering. Arbeidet var kostnadsrekna til 1,5 millionar kroner. Pr. august 2018 var tømmerkassa framleis under arbeid på Rysstad.

Kjelder[rediger]