Hans Kohler

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hans Kohler
Født: 14. september 1913
Død: 17. oktober 2009 (96 år)

Hans Hermann Kohler (fødd 14. september 1913 i Ober-Jettingen bei Nagold i Tyskland, død 17. oktober 2009Rysstad) var ein pensjonert lærer som i 1995 fekk Valle kommune sin kulturpris saman med kona Heide, dottera Friederike og sønene Roman og Hans Georg. I tillegg har dei borna Roderich Kohler og Thomas Kohler. Hans Kohler vart gravlagd frå Hylestad kyrkje torsdag 22. oktober 2009 klokka 13. Etter gravferda var det minnesamvær på Sølvgarden.

Biografi[rediger]

Hans Kohler vaks opp i ein familie der faren var bonde og mora heimeverande. Han tok lærarutdanning i Esslingen a.N. frå 1935 til 1938, og mot slutten av studietida møtte han Heide. På slutten av sin lærarpraksis var han allmennlærar og lærar i jordbruk og landskapslære for høgare klasse i folkeskulen og i ungdomsskulen. Då teikna han saman med elevane. I 1939 vart han kalla inn til krigsteneste. Som tysk soldat var han med i angrepet på Russland, operasjon Barbarossa, 21. juni 1941. Erfaringane hans gjorde at han seinare vart ein svoren pasifist. 25. mai 1945 vart han teken til fange av russarane og var i fangeskap i fire år. I fangeskapet vart teikning ein overlevingsteknikk, han teikna på alt han kunne finne, men fangevaktarane øydela det så fort dei fann det.

I 1951 kunne han endeleg gifte seg med Heide, 13 år etter at dei møtte kvarandre. Han fekk jobb som teiknelærar i høgare gymnasklasse. I den tida var kona heimeverande med små barn. Familien var aktivt engasjerte i «Aktion Sühnezeichen» (forsoningsteikn), der dei gav eit år av livet til å arbeidet i land som Tyskland hadde okkupert.

Fleire år ferierte dei i Noreg, og i 1966 kom dei til Setesdal. Då han gjekk av i 1974, kjøpte familien hus på Rysstad. Her har dei som pensjonistar halde fram med sitt kunstnarlege arbeid. Hans Kohler vart gravlagd frå Hylestad kyrkje 22. oktober 2009.

Litteratur[rediger]