Erling Sagneskar

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Erling SagneskarSymbol unrelated.svg
Erling Sagneskar.jpg
På tur i 2012.
Foto: Greta Jodal
Født: 12. november 1964 (55 år)

Erling Sagneskar (fødd 12. november 1964) er autorisert kunderådgjevar i Valle Sparebank. Han vaks opp i Oslo og gjekk på Ulsrud videregående skole. Sidan studerte han på Handelshøyskolen BI.

Han er gift med Oddny Bjørgum Sagneskar. Han har engasjert seg litt politisk og stod på Høgrelista i Valle 2007. Men det største engasjementet har han i Valle IL, der han har vore ansvarleg for ski-treninga i mange år. Han er svært glad i friluftsliv og låg sommaren 2009 fleire veker aleine på Valle austhei. Sidan gjekk han på ski over Grønland og i 2013 var han seks veker i Canadas villmark på leiting etter buplassen Helge Ingstad hadde då han overvintra på tundraen, den han fortalde om i boka Pelsjegerliv. Han lukkast til og med i det prosjektet.

Kjelde[rediger]

  • Facebooksida til Erling Sagneskar