Vidar H. Homme

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Vidar H. HommeSymbol unrelated.svg
Vidar Homme.jpg
Født: 8. juni 1972 (50 år)

Vidar Hallvardson Homme (fødd 8. juni 1972) er kommunesjef i Valle kommune frå mai 2022, han kom frå ei stilling som kommunalsjef samfunnsutvikling i Vennesla kommune. Tidlegare har han og vore banksjef i Valle Sparebank frå 1. februar 2007. Etter artium på Hornnes gymnas studerte han på NTH frå 1991 til 1996 og vart sivilingeniør i industriell økonomi. Deretter fekk han jobb i Kristiansand Elektrisitetsverk som marknadsanalytikar og porteføljeforvaltar innan krafthandel, ei stilling han hadde til 2000, då han vart rådmann i Valle kommune. Han var rådmann til 2006. I fem månader, frå september til januar, var han så tenesteleiar for veg, vatn og avlaup i Bykle kommune. Men ved starten av 2007 vart stillinga som banksjef i Valle Sparebank ledig, og dermed vart tida i Bykle kort.

Han er styremedlem i Terra Aktiv Eiendomsmegling. På det lokale plan er han frå 2012 leiar i Valle Sentrumsforening. Han er og sekretær i Valle Næringslag. Privat er han trenar for to fotballlag i Valle IL og ivrig supportar for Valle jenter 14 2012.

I tida som banksjef i Valle Sparebank skreiv han Vidars blogg. Her kom han med kommentarar på aktuelle tema, analyser, framtidsutsikter og det som elles var aktuelt i tida innan bank og finans. Han starta bloggen 15. mars 2012 og skreiv med ujamne mellomrom innlegg der.