Valle Sparebank i stortingsmelding

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Valle Sparebank i stortingsmelding viser teksten som handlar om Valle Sparebank og Valle Radio i finansmarknadsmeldinga som vart lagd fram for Stortinget fredag 11. mai 2012.

Teksten[rediger]

(Kopiert frå finansmeldinga)

Valle Radio

Valle Radio er lokalradio i kommunane Valle og Bykle i Aust-Agder. Radiokanalen sender i samarbeid med Radio Evje kvar tysdag og onsdag kveld og kvar fyrste fredag i månaden. Sendeskjemaet til Valle Radio inneheld mellom anna fyldig dekning av kommunestyremøta i Valle, inkludert direktesending frå møta. Radiokanalen legg dessutan ut lenkje til kommunestyrepapira på Facebook-sida si og slepper til lokalpolitikarar «på direkten». Slik gjer dei lokalpolitikken meir tilgjengeleg for innbyggjarane.

Sendeskjemaet til Valle Radio er variert, og det vert gjeve godt med sendetid til ulike lokale saker og aktualitetar. Valle Radio er driven på dugnad, og Valle Sparebank yter om lag 50 000 kroner i året til føremålet.

Eksterne lenker[rediger]