Bjørg Åkre

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bjørg ÅkreSymbol unrelated.svg
Bjørg Åkre.jpg
Født: 1. september 1971 (47 år)

Bjørg Åkre (fødd 1. september 1971) er depotansvarleg i Valle Sparebank, der ho har arbeidd sidan 1995. Før det arbeidde ho frå 1991 på teknisk avdeling i Valle kommune. Ho har treårig handel- og kontorutdanning (økonomisk gymnas) på Hornnes gymnas og så tok på eit år påbygg sekretærskule på Gimle vidaregåande skule i Kristiansand. Parallellt med arbeidet i banken tek ho utdanning på Bedriftsøkonomisk Institutt med sikte på å bli autorisert finansiell rådgjevar.

Ho er gift med Jon Ola Rysstad, dei har tre barn. Fritida nyttar ho aktivt til personleg trening, familien brukar naturen og heiane flittig og dei er mykje på hytta i Finndalen. Ho er aktiv i Valle IL, der ho har spinningtimar for ei stor gruppe ivrige spinnarar. I januar 2013 gjekk ho til toppen av Kilimanjaro.

Kjelder[rediger]