Lars Osa
Lars Osa | ||
---|---|---|
![]() | ||
Foto: Anders Beer Wilse
| ||
Født: | 13. august 1860 | |
Død: | 9. februar 1958 (97 år) |
Lars Osa (fødd 13. august 1860 i Ulvik i Hardanger, død 9. februar 1958 på Voss) var målar og felespelar. Då han var fem år gamal, flytta familien frå Ulvik til Osa, og der møtte han ein levande folkemusikktradisjon. Han lærte seg å spele hardingfele og ville gjerne satse på å verte spelemann. Men i 1880 møtte han målarane Nils Bergslien og Axel Ender i Nordfjord. Då bestemte han seg for å bli målar. I 1881 kom han til Bergslien i Eidfjord og fekk si første undervisning av han, deretter reiste han til Kristiania og begynte på Tegneskolen. Året eter vart han teken opp som student på Kunstakademiet i København. Der studerte han til 1885. Samtidig var han og elev på L. Tuxens og P. S. Krøyers malerskole det komande året.
Frå 1886 budde han i Kristiania. I 1889 vart eit bilete av han med på Verdsutstillinga i Paris, og han reiste til Paris for å sjå til at biletet kom vel fram. I Paris møtte han Hermine Bernhoft frå Kristiania, og i 1891 gifta dei seg. I 1894 besøkte han Setesdal for første gong, den sommaren budde han hos Tarkjel Austad på Ose Turiststasjon. Han måla og ho skreiv om ymse ting i avisene. Året etter kom dei til Valle og budde på Vallarheim Turiststasjon, der Dreng Bjørneraa var vert. Sidan budde han i Valle om somrane. I 1896 flytte han til Kristiansand etter å ha vore i ein strid om stipend med kunstnarar i hovudstaden, som meinte han ikkje var skikka til å få stipend, og så fekk han likevel av Stortinget. I 1903 flytte han til Valle, her vart han verande til 1917. Av ei gammal årestove frå Steinsland sette han seg opp heimen Bjørnehov like ved Vallarheim. Grunnen til at han i 1917 flytte til Voss, var at borna skulle få skulegang der. Men kvar sommar kom dei tilbake til Setesdal og Valle.
Utvalde verk
Lista er frå Store Norske Leksikon:
- Ola Mosafinn, 1887, Ungdomshallen, Voss
- Den vordende spillemann, u.å. (1887?)
- Faderen, 1889
- Tjenestepiken, 1889, NG
- Ivar Aasen, 1895, Bergen offentlige bibliotek
- Barnebegravelse i Valle, 1895
- Et menneske, ca. 1898
- Et bryllup i Setesdal, ca. 1903
- Oppbyggelse i Valle, 1904
- Ein trøyt spelemann, 1912
- Barnedåp i Valle, 1916
- Nils Lavik, 1951, Stortinget, Oslo
- Kyrkjekunst
- Altertavla i Bygland kyrkje har motiva «Jesus i Emmaus» og «Himmelfarten» av Lars Osa.
- Andre verk
- 6 bilete av Lars Osa er stilte ut i utstillinga Setesdal sett med kunstnarauge på Setesdalsmuseet sommaren 2012
Litteratur
- Med pensel og feleboge. Minne frå ein lang arbeidsdag i stilla og storm. Sjølvbiografi, Bergen 1954.
Kjelder
- Svein Hovet: «Kunstnaren Lars Osa og Setesdal». Artikkel i Jol i Setesdal 1965 side 8-10