Hornnes bygdesogenemnd

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Hornnes bygdesogenemnd vart vald av Hornnes kommunestyre i 1924, og fekk i oppdrag å samle inn pengar og historisk tilfang, og syte for å få skrive ei bygdesogebok for Hornnes. Boka kom i 1969.

Nemnda hadde i byrjinga tre medlemer: Olav A. Fennefoss, Notto J. Hornnes og Olav O. Uleberg (formann). I 1928 døydde Notto J. Hornnes. I staden for han kom rektor ved Hornnes landsgymnas, Daniel Danielsen, med i nemnda. Danielsen gjorde et svært arbeid og fikk satt opp eit manuskript om ættene på kvar gard i bygda. Men han flytta frå bygda då han vart pensjonist i 1953, og vart oppteken med å skrive bygdesoge for si eiga heimbygd. I hans stad vart Torgeir Abusdal vald inn i nemnda.

Torgeir Abusdal døydde i 1964. Etter dette var det bare to medlemer i nemnda. I samråd med den andre, Olav A. Fennefoss, arbeidde då Olav O. Uleberg vidare med boka. Og endeleg - i 1969, 45 år etter at nemnda byrja på arbeidet - kunne Hornnes bygdesogenemnd gje ut Hornnes I, Gards- og ættesoge.

Kjelder[rediger]