Gro Gunnarsdotter Skore

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gro Gunnarsdotter Skore
Født: 1880
Død: 1966 (alder 85–86)

Gro Gunnarsdotter Skore (fødd 1880, død 1966) var ei av «Skorsjentene» som dreiv garden Skore i Bygland i ei årrekke på 1900-talet. Systera og den andre av jentene var Gyro Gunnarsdotter Skore (f. 1889, d. 1978).

Frå mor deira døydde i 1918 var Gro og Gyro ansvarlege for alt «kvinnfolkarbeid» på garden. Etter at far deira, og seinare broren Bjørgulv blei borte, hadde dei også ansvaret for sjølve gardsdrifta. Dei var flittige og arbeidde mest natt og dag. Det var velstand på Skore, og jentene såg til at garden var i god stand, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. Dei dreiv han så lenge dei kunne. Til sist kravde alderen sitt, og dei kom på Byglandsheimen.

Foreldra til Gro var Gunnar Bjørgulvson Langeid (f. 1845, d. 1929) og Gunhild Salvesdotter Langeid (f. Nordgarden 1845, d. 1918).

Kjelder[rediger]